tirsdag 24. januar 2012

Gubben min

Eg e litt bekymra for mannen i huset. Eg trur kanskje alt styret med det å bli far og det å skulle gifte seg og sånn har gjort han 40 år eldre. Minst. Han har rett og slett forgubba i løpet av det siste året.

Bevis:

Han har ved fleire høve sovna med snus i kjeften. Dette e jo som regel eit problem på diverse aldersheima rundt om. Det medføre også ein del ekstraarbeid for "pleiarane", då snus har ein tendens til å lage flekka. Spesielt på kvite putetrekk og sofaputer. Må nevnast at underteikna i ein tilstand av svært gravid, greidde å legge sitt søte hode på nettopp ei slik pute. Konsekvensane er for dramatiske til å nevne her.


Det er heller regelen enn unntaket at han har sokkar med hol i. Og her meiner kanskje mange at  underteikna burde vise omsut og lappe dei, men det ville gjort meg like gammal i haue som gubben er i ferd med å bli. Det er derfor uaktuelt. Dette punktet uroar ein del, for då vi var på det stadiet at sokkane skulle av når vi la oss (no er det jo ikkje så nøye lenger, noko som er atter eit forgubbingsteikn), var eg ofte imponert over kor fine, heile og reine sokkar han hadde. Grunnen må rett og slett ha vore at han var ung og kul. (Eller at han budde heime hos mora.)


Han fekk klokkeradio til bursdagen. I og for seg greitt, men han får ikkje til å bruke den. Nettopp! Ingen gamle folk får til å bruke klokkeradioen. Dei synst berre det er så kjekt og praktisk at den har store raude tal, så dei greier å sjå kva klokka er også i mørket. Hendig! Då eg spurte han koffor han ikkje brukte den, fekk eg til svar at han hadde stilt den inn på eit anna klokkeslett dagen før, fordi han skulle opp tidlegare den dagen. No ville han ikkje tukle den til, så han fekk bruke alarmen på mobilen så lenge. Ikkje tukle til? Den virka jo ikkje den dagen den skulle ringe likevel, det er ikkje noko å tukle til!


Det var forresten ikkje berre klokkeradioen han fekk i gåve. Han fekk i tillegg ein trimmar til nasehåra..som han forøvrig ikkje fekk til å virke, fordi han ikkje veit forskjell på AA og AAA-batteri..treng eg sei meir ?




Heldigvis ser han fremdeles forholdsvis ung og kul ut....

5 kommentarer:

  1. Nevnte eg at han ser Hotel Cæsar?

    SvarSlett
  2. Både jeg og mannen ler så vi griner ;-) Fantastisk skrevet!

    SvarSlett
  3. Haha..du beskreiv netopp min mann her malene!

    SvarSlett
  4. hehe, ja det e jo eit heilt "gubbevelde" der ute ;))

    SvarSlett
  5. Hehe :) drog på smilebande no :))
    Elise Vilnes Mjåseth

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...