torsdag 16. februar 2012

Rusk i maskina

Det e to ord eller setningar som gjerne kjenneteiknar underteikna betre enn andre. Det eine er utålmodig, det andre er at eg eigentleg e veldig glad i å ha alt i orden og på stell, men at eg ikkje går av vegen for å finne snarvegar for å få det slik. Desse faktorane gjer seg i aller høgste grad gjeldande når det kjem til husarbeid. Men ingen skal vel sjå under tepper, bak skap, eller i skapa for den del? Det er det vi ser som tel, ikkje sant? Og kven bryr seg om eg for ein gangs skyld skulle komme til å bruke kjøkkenjifen på badet, eller omvendt? Ræva e vel like rein om den set seg på eit dosete vaska med jif kjøkkenspray, i staden for den som er tiltenkt badet?

Uansett. Mannen i huset er takk og lov ein av dei som tar i eit tak heime, og som regel lar han det fare når det er hans tur å vaske golvet, og han, i motsetning til visse andre, faktisk luftar teppa. Det har kanskje hendt at der har vore ein smule eller to eg ikkje har sett under der...MEN det er ein plass han til stadigheit finn bevis for sin kjæres trang til å få ting unna i ein fei, og som av uforståelege grunnar går han på nervane. La meg gjengi ei samtale frå få dagar tilbake:

Mannen: ler
Malla: ka e d?
Mannen: eg ler av kor usannsynlig, usannsynlig! dårlig du e te å stable i oppvaskmaskina!!
Malla: hæ?no har eg jo prøvd å gjere det skikkelig til og med! (kors på halsen!)
Mannen:  for det første. dei store tinga vaska vi for hånd
(oppvaskkosten va skiten...ehh)
- og for det andre så skylla vi!

Eg gjorde d, kors på halsen, men kor lenge skal du stå å skylle då? Du kan jo like gjerne berre vaske opp for hand, viss det e sånn at det vaskepulveret dei reklamera sånn for, ikkje tar heile shiten? Eg meinar, ka e meininga med oppvaskmaskin då?


Ok, så kunne eg kanskje vert bittelitt flinkare til å stable...men som sagt, ekje oppvaskmaskina til for at vi skal sleppe å bruke så mykje tid på skitne ting? Ikkje rart nåken sit seg fortare fast i tidsklemma enn andre, gitt! Og dette e då ikkje ille? Meir praktisk, tenkjer eg..


Slik ser det uansett ut når gubben har fått gjort sitt..legg merke til at ting som ikkje "høyrer til" er eleminert, tallerkenar har fått seg ein omgang under springen, og for den ekstra observante ser ein også at dei kvite små fata står saman, truleg for å gjere prosessen "ta dei ut av maskina og inn i skap" enklare.


Det som er negativt med denne metoden, i tillegg til at den e svært tidskrevande og slitsom,  e at ein ikkje treng å sette på maskina, for den er ikkje full likevel. Så då må eg altså vaske opp for hand det som eg har akutt bruk for.

E det andre enn meg som har problem med å forstå gleda i å gjere dette så omfattande og vanskeleg?


10 kommentarer:

  1. Gubban noa!! e vist ikkje berre på bilde (dei eg e heldig på) vi e like...men atte vi skulle velge same sorten kalla og (reint husle )...skøyigt :D

    SvarSlett
    Svar
    1. jepp, dei e like der gitt! hehe, e no vel ikkje berre på dei heldige vel..;))

      Slett
  2. Hehe :D meg og Thomas har hatt akkurat samme "diskusjonen"! Jeg stabler sånn som deg, mest mulig skal inn i oppvaskmasinen! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Alt skal med ;) fint slagord det ;)

      Slett
  3. hihi. Her e da litt omvendt trur eg.. Eg e egentlig enig med Pål, men har i da siste tatt meg sjøl i å hive panne og andre ting som kanskje burde vore vaske opp for hand.. men shitlagå... Eg har funne ut at gidde ikkje mannen i huset å vaske opp for hand, so gidde ikkje eg heller! :P
    aina

    SvarSlett
    Svar
    1. etterkvart som mammarolla kreve meir, e d gull verdt med lettvinte løysinga ;) e mor gla, e alle gla , hehe

      Slett
  4. Heilt enig med deg. Kva skal vi med vaskemaskin visst den ikkje kan vaske - når vi treng å ha det vaska. Full eller ei! Gla mor e best!!!
    Pst: Kjekt å lese bloggen din!

    SvarSlett
  5. Haha, dette kunne vært hjemme hos oss! Med samme kjønnsfordeling.. Bortsett fra at mannen her kanskje ikke hadde ledd like hjertelig;) Jeg lever etter mottoet "tåler det ikke vaskemaskinen, tåler det ikke vårt kjøkken". Helt grei elimineringsmetode. Jeg har lært den av min mor, til svigermors store fortvilelse.

    SvarSlett
    Svar
    1. hehe, det va ikkje så veldig hjertelig, meir ironisk/sarkastisk/spydig/oppgitt...;)Eg stjele forresten det mottoet!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...